|
fredag 03. september 2010 11:36 |
|
 St.Svithun skule 9.kl fekk ei drømmeveka på Gullingen leirskule. Me starta sjølvsagt med topptur til Gullingen 979 m.o.h. allereie første dagen, og mange fekk inspirasjon til å bestige nye toppar. Moglegheiten kom på langturdagen då heile 22 elevar nådde Reinsnuten 1144 m.o.h. Andre drog på fjellfisketur, og fisk vart det på fleire. Kart og kompass fekk me og nytte ein del denna veka, og ein håpar at elevane bruker kunnskapen på seinare turar.
Bilder og logg finn du her. |
|
|
fredag 27. august 2010 12:01 |
|
 
7.kl frå Vanvik-, Fløgstad-, Risvoll- og Austarheim skule fekk ein flott start på nytt skuleår. Me starta friskt med topptur til Gullingen og Grønhovudet. Dei neste dagane bar preg av mykje nedbør, men det satte tydeligvis ingen dempar på naturgleda. Det er godt å ha lavvu og gapahukar å krypa inn i når det regnar som verst. Med lyden frå flomstore bekkar og elvar var det berre kjekt å leggja ut på langtur på torsdagen. På kvelden var sjølvsagt bekkevandring eit høgdepunkt elevane seint kjem til å gløyma....
Bilder og logg finn du her |
|
onsdag 25. august 2010 08:27 |
|
På måndag tok me i mot dei første elevane for leirskuleåret 2010. Det er elevane i 7. klasse frå Sauda kommune og Vanvik skule som er her denne veka. Og, dei starta friskt på måndag med topptur til Gullingen/Grønhovet. Ein flott gjeng som trivast på tur.
Nytt av året på leirskulen er Gullingen Buldrevegg. Veggen har allereie blitt innvia av dei første elevane på leirskulen.
Fleire inntrykk frå første leirskuleveke kjem snart. |
|
torsdag 01. juli 2010 12:57 |
|
 Flyktningane som har vore i Suldal nokre månadar no fekk seg mange minnerike opplevingar på Gullingen. Me fekk prøvd oss på å ro båt, og det var mange fantasifulle forsøk på å få båten framover. Derimot var det lettare å padle kano, og langt av stad bar det.... Fjellturen tok me til Stavastølsdalen og til Uranuten, me var innom stølshistorie og spor etter vikingtid, før me avslutta med friske sprell i bekkevandringsbekken.
|
|
fredag 18. juni 2010 12:07 |
|
 
Til hausten skal dei fleste ungdomsskuleelevane i Suldal samlast på ny ungdomsskule på Sand. I samband med dette har alle i 9.klasse denne veka vore på leirskulen for gode felles opplevingar og relasjonsbygging. Me har bl. a. vore på Gullingen (979moh), fiska i Mosvatnet og vore i bekkevandringsbekken.
Mange bilde og elevlogg frå veka finn du her.
|
|
fredag 11. juni 2010 12:15 |
|

Torsdag denne veka kunne elevane på leirskulen velje mellom tre ulike fjellturar. Dei aller fleste, 42 i talet, valte å gå den lengste, til sjølvaste Gullingen (979moh). Dei andre gikk på fisketur (det blei fisk) og til Såto.
Du kan lese logg frå veka og sjå bilde her. |
|
fredag 28. mai 2010 08:58 |
|
Porsholen, 6. kl. og Sandeid, 7. kl. har hatt gode dagar i heia, og dei har synt stor interesse for å oppleva Suldalsnaturen. Det viste særleg påmeldinga på dei valfrie turane me hadde på torsdag. Heile 30 elevar ville på langtur. Det er mykje fuglelåt i skogen no, og det gjer ein ekstra dimensjon til turane våre. Mange elevar vil nok kjenne att løvsangaren neste gang dei tek seg ein tur ut i skog og hei. Dei som valgte å liggja ute i lavvu, vakna nok tidleg til gauken som er særleg aktiv no i desse dagane. 
Bilder og logg finn du her. |
|
fredag 21. mai 2010 11:09 |
|
 
Teinå skule 8. kl fekk ei leirskuleveke med god sommarvarme. Sjølv om vanntemperaturen var heller vinterleg, frista det likavel nokon av elevane til å ta seg ein dukkert. Endeleg fekk me komme i gang med årets første fjellfisketur, noko som tydeleg var populært blant mange. Resultatet blei noko magert, men me lurte no opp 2 aurar. Elevane fekk òg oppleva mykje god kulturhistorie på ferden opp i fjellet med spor etter vikingtid og stølstida.
Fleire bilde og logg finn du her |
|
onsdag 12. mai 2010 14:53 |
|
 
8. klasse frå Sand-, Marvik-, Erfjord-, Jelsa- og Vinjar skule fekk 3 gode dagar på Gullingen leirskule. Til hausten skal dei gå saman på ungdomskulen på Sand og me håpar at alle dei gode opplevingane her oppe har skapt nye gode relasjonar mellom ungdommane. Me har hatt fjelltur til Såto, kanopadlig på Mosvatnet i heftig snøvær og kulturhistorisk vandring før me avslutta opphaldet med bekkevandring i Stavastølsåna.
Fleire bilde og elevlogg finn du her.
|
|
fredag 07. mai 2010 12:32 |
|
 
Då er våren i gong for fullt på leirskulen. Saman med sol har 6.kl. frå Aspervika skole gjesta oss. Me har buldra, grilla fisk, orientert, padla, vore på toppar og meire med. Ikkje minst må bekkevandringa nemnast, der var det verkeleg liv og spetakkel. 
Elevlogg og mange bilde frå veka finn du her.
|
|
|
|
|
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 Neste > Siste >>
|
|
JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL |