|
|
|
måndag 03. mai 2010 10:12 |
|
 Tysdag var siste sjanse for dei som ville ha seg ein skitur på leirskulen. Og sjølv om det hadde smelta godt helga før, var det stadig nok snø til skileik. Dei andre dagane blei det kanopadling og fjellturar i ganske mykje vêr. Og aure, det fekk me til gangs på garna.
Logg og bilde frå veka finn du her.
|
|
fredag 16. april 2010 08:49 |
|
 Veke 15 hadde eit perfekt vêr for vårskiløping. Barflekkar, grovkorna våt snø, solfaktor og breie smil var noko av ingrediensen. Då snøen rundt leirskulen stort sett er borte gikk me til Langeli og Finnadalsheia som ennå byr på snø. Ein gjeng gikk og på fottur over Såto med innlagt isfiske.
Flotte bilde frå veka finn du her.
|
|
fredag 09. april 2010 11:58 |
|
Våren er på veg. Snøen forsvinn og på taket sit linerla og kvitrer glad og nøgd etter den lange turen frå Afrika. Kvitra gjorde også elevane frå Gosen skole som har vore på leirskulen denne veka. Til tross for minkande snømengder har me hatt friluftsaktiviteter knytt til snø heile veka. Du kan sjå bilde og lesa ein logg frå veka her.
|
|
onsdag 07. april 2010 19:27 |
|
Skitrekket er nå stengt for sesongen.
Me takkar alle våre gjester som har vore i bakken denne vinteren, og ønskjer alle velkomen tilbake neste sesong. |
|
torsdag 25. mars 2010 16:17 |
|
Trass i at snøen no minkar faretruande, er det stadig råd å få gode ski- og naturopplevingar her på Gullingen. Og det var akkurat det den flotte gjengen frå Tastaveden skole opplevde i denne veka. Litt blaut, nokre kalde fingre innimellom, men med god innstilling og godt humør som denne gjengen hadde, får ein fine turar også på vårsnøen.
Meir om korleis elevane hadde det og bilde frå veka finn de her.
Me på Gullingen ønskjer alle ei god påske!
|
|
fredag 19. mars 2010 12:26 |
|
This week we've had the 5. graders from The International School of Stavanger here at Gullingen leirskule. Their skiing skills have really improved during this week. We've had various types of weather too, but only big smiles outdoor. First Aid, about avalanches, using a map, wildlife, weather forecast, and how to dress for outdoor life in wintertime, was some of the subjects the students had learned about.
Our advice to you all - do some more skiing in the Easter! Thanks to all of you for a great week.
More pictures, look here. |
|
fredag 12. mars 2010 10:30 |
|
- Me har blitt flinkare på ski. Dette kom unisont av elevane frå Tastaveden skole under oppsummeringa før avreise. Betre til å lesa kart, laga snøhule, isfiske, laga bål, førsteshjelp og tryggleik (skred) var andre tema elevane trekte fram som ting dei hadde lært på Gullingen.
Du kan lese ein elevlogg og sjå bilde frå veka her. |
|
fredag 05. mars 2010 12:26 |
|
Rosseland skule, 6. klasse, fekk ei drømmeveke på leirskulen med mange store øyeblikk.
Elevane har storkost seg med mykje skileik, trugetur, isfiske og langturar. Nysnøen som kom på onsdag, var kjærkomen. Dette gjorde turane på torsdag til ein magisk oppleving for mange. Med sol frå skyfri himmel, vindstille og nysnø, var forholda perfekte til å leggja ut på tur .
Bilde og logg frå veka finn du her.
|
|
måndag 01. mars 2010 09:27 |
Også i 2010 har Suldal O-lag lagt ut turskiorienteringsposter. Kart som er nytta, er gjort tilgjengeleg via O-laget si heimeside. Karta ligg også oppkopiert her hjå oss på Fjellstova. Dette er gratis.
Lykke til og god tur!!
Turorientering på ski 2010
Også i 2010 har Suldal O-lag lagt ut turskiorienteringsposter. Kart som er nytta er gjort tilgjengeleg via vår heimeside. Karta ligg også oppkopiert på Gullingen Fjellstove. Me har nytta tjukt papir slik at kartet skal halde.
Om du hadde sendt bilder frå turen ville me blitt veldig glade.
God tur ønskjer me i Suldal O-lag
Turorientering på ski 2010
Også i 2010 har Suldal O-lag lagt ut turskiorienteringsposter. Kart som er nytta er gjort tilgjengeleg via vår heimeside. Karta ligg også oppkopiert på Gullingen Fjellstove. Me har nytta tjukt papir slik at kartet skal halde.
Om du hadde sendt bilder frå turen ville me blitt veldig glade.
God tur ønskjer me i Suldal O-lag
|
|
|
|
|
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 Neste > Siste >>
|
|
JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL |