Skip to content
narrow screen wide screen auto screen Increase font size Decrease font size Default font size

Gullingen.no


  • Bilde frå Gullingen
  • Bilde frå Gullingen
  • Bilde frå Gullingen
  • Bilde frå Gullingen

Her er du:

Framside
Friskt vèr!
fredag 19. februar 2010 12:50

IMG_1140_1

7. klassingar ved Meling skule frå Bømlo og Austrått skule frå Sandnes fekk oppleva ei veke med friskt vintervèr. Nyttige erfaringar og gode opplevingar sit igjen. Sjølv om me skulle hatt noko meir snø, fekk me likevel til gode turar. Dei ivrigaste tok òg turen ned i lysløypa på kvelden. Torsdagen fekk me røyna oss i kald austavind, og det takla elevane veldig bra.

Bilder og logg finn du her.

 

  

 
Ekte skiglede!
fredag 12. februar 2010 12:49

hoppande glad i snøen!Ei ny flott vinterveke er over. Elevar i 6. kl frå Bærland og Lye skular har hatt ei fantastisk veke i nydeleg vinterver. Særleg har dei elevane som ikkje har hatt ski på beina så ofte, hatt stor framgong. Me har boltra oss i skog, på is, og i høghei. Mange har òg prøvd isfiske, sjølv om auren fortsatt ikkje er sæleg bitevillig. Inne på leirskulen var nok discoteket populært for mange.

readon-blue Logg og mange fine bilde frå veka finn du her.

 
Ei veke i vennskapens teikn
måndag 08. februar 2010 10:35

Fyrste veke i februar var alle elevane i  7. klasse i Suldal samla på leirskulen. Fint vintervèr, mykje skileik og fine turar prega veka. Like viktig som vinterfriluftslivet, var òg all den vennskapen som vart knytt . Mange reiste nok heim og følte at dei hadde fått mange nye venner, og blitt endå betre kjende med gamle.

Bilde og logg frå veka finn du her.

 
Lite snø - stor skiglede
fredag 29. januar 2010 13:03

P1270154Leiskulen denne veka starta med truger, fortsatte på ski og avslutta med blant anna isfiske og rompebrett. Dei som valde mørketur, fekk ei flott oppleving med stjerneklart, kaldt vær og fullmåne. Mykje god læring og oppleving sit att.

Bilder og logg finn du her

 

 
Sol, vind og god kulde
fredag 22. januar 2010 13:21

SkigledeEi ny veke med kaldt godt vinterver er over. Nysnøen lar venta på seg, men det hindrar oss ikkje å leite opp nye områder kor elevane får boltra seg.Ekstra lærerrikt denne veka har for mange vore å kle seg riktig i møte med fleire kuldegrader og god blest frå aust.

Sjå bilder og logg frå veka

  

 
Hoppande glad
måndag 18. januar 2010 21:57
110110_4228_ja_lunVinterleirskulen er endeleg i gang. Første veka blei flott med fint vêr og hoppande glade elevar. Les berre loggen og sjå bilda!
Du finn dei her.
 
Kaldt, men nydeleg
onsdag 06. januar 2010 13:40

_DSC7575Vinteren har komen for fullt i heile Rogaland, også på Gullingen. Me har strålande sol, rolige vindtilhøve og 5 - 15 minus på dagtid. Noko kjøligare på nettene.
Snø kunne me hatt meir av, no er det om lag 30 cm, men det er nok til å få til god skiaktivitet og flotte turar.

Utfordringa i vekene som kjem blir kulda. For deg som skal på leirskule, er det veldig viktig å få med deg mykje og gode klede. Pakkliste finn du her.

Fleire tips finn du under les meir.

Les meir …
 
Bildespel frå førjulsleirskulen 2009
tysdag 05. januar 2010 13:12
Me kan igjen presentera eit bildespel. Denne gong er det dei beste bilda frå førjulsleirskulen me vil visa. Her er bilde frå skitur, fiske, spikkeverkstad, julebakst og meire med.

Dårleg kvalitet ? Last ned bildespelet med meget god kvalitet her (programfil .exe).
 
Elevlogg veke 50
laurrdag 12. desember 2009 23:40

Yaaa...

Vi var på besøk her i uke 50 2009. Det ble mye tur i utrolig fin natur, og vi har lært å lage bål, spikke, førstehjelp på fjellet/skogen og mer
På kveldene ble det mye disco, dans og høy musikk. Vi har fått mange gode venner og det blir trist å reise fra alle sammen. Det har vært en UTROLIG morsom uke, og vi vil takke alle lærerne her som gjorde det mulig.

Hilsen oss på Grannes og Buggeland

readon-blue Logg og bilde frå veka finn du her.

 
Mørketur, nissar, ski ....
laurrdag 05. desember 2009 00:03
Førjulsleirskule 2009Det blei ei allsidig leirskuleveke for 7. trinn frå Maudland skole denne veka. Du kan ta ein kikk på bilda frå veka her.
 
Nytt: Minnehefte frå leirskuleopphaldet
fredag 27. november 2009 14:00
Demobok_GullingenFrå og med 2010 vil alle klassar og elevar/føresette få tilbod om ei leirskulebok i etterkant av opphaldet på Gullingen. Saman med Fovea a/s vil me produsere ei minnebok med bilde frå kvar veke. Ved å trykke på bilde nedanfor kan du sjå ein demo. Bla i heftet ved å trykke i nedre hjørne. 
Les meir …
 
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 Neste > Siste >>

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Kontakt oss

emailButton Gullingen Turistsenter
con_tel 52 79 99 01

emailButton Gullingen Leirskule
con_tel 52 79 08 70

Fotoalbum

Nytt tilbod: Minnehefte

Demobok_Gullingen
Frå og med 2010 vil alle klassar og elevar/føresette få tilbod om ei leirskulebok i etterkant av opphaldet på Gullingen.
Les meir

Vèret hjå oss

Torsdag 09.09.2010
Delvis skyafrom southeast11°C8.5m/s
0.0mm
Fredag 10.09.2010
Skyafrom southeast12°C7.7m/s
0.0mm
Laurdag 11.09.2010
Kraftig regnfrom south-southwest13°C4.3m/s
4.1mm
Søndag 12.09.2010
Regnfrom west-northwest11°C3.5m/s
2.0mm
Måndag 13.09.2010
Regnfrom west-southwest10°C5.0m/s
1.8mm
Weather forecast from yr.no

linkknapp-160x

Foldoy-linkknapp

 

Vi har 23 gjestar her no