|
|
|
måndag 23. november 2009 14:58 |
Me på Gullingen får stadig frustrasjonsmeldingar frå føresette, lærarar og rektorar som seier at skulen kanskje må bryte avtalar om leirskuleopphald. Årsaka ligg i kommunale nedskjeringar.
Då skal dei vite: I følgje departementet, bekrefta av leiaren for kommunalkomiteen på Stortinget, Heikki Holmås, ligg det 120 mill kroner til leirskule i innbyggjartilskotet for 2010. Dette utgjer om lag 2000,- pr elev. Med andre ord er det få kommunar, om noen i det heile, som får ein eigenkostnad for at elevane skal få ei veke med leirskuleundervisning.
Dette er ikkje øyremerka tilskot, men det er ein viktig grunn for at staten legg inn midlane i rammeoverføringa til kommunane: Leirskuleundervisning gir opplevingar og læring i eit annleis miljø. Det gir ei grunnleggande opplæring i friluftsliv og har eit positivt helseaspekt. I Noreg er det ei politiske målsetting om eit opphald pr. elev i grunnskolen. Les meir hjå Norsk Leirskuleforening. |
|
tysdag 17. november 2009 09:50 |
|
På førjulsleirskule tek me veret som det kjem. Men, flottare seinhaust enn denne veka skal ein leite lengje etter! Og, elevane koste seg i låg novembersol. Fakkeltur, fjellturar og fiske med nygrilla aure sto på programmet. Og all undervisning var på engelsk:
"On the loose to climb a mountain - on the loose where I am free. On the loose to live my life, the way I think my life should be."
More pictures from the week in our photogallery; click here. |
|
tysdag 03. november 2009 13:40 |
|
No går hausten mot slutten på Gullingen, og snøen har lagt seg på dei høgaste toppane.
Her på leirskulen førebur me oss no til den første veka med førjulsleirskule. Me gleder oss allereie til kjekke turar i skogen, baking, spikkeverkstad, og ikkje minst mørketur med faklar.
4. klasse frå The International School of Stavanger er første klasse som kjem. Me ynskjer dei hjarteleg velkommen! |
|
måndag 02. november 2009 00:00 |
|
Her finn du ein oversikt over ledige veker, priser og bestillingsrutiner for din klasse som skal på leirskule.
|
|
Sist oppdatert tysdag 07. september 2010 12:47 |
|
Les meir …
|
|
fredag 23. oktober 2009 11:53 |
|
Veke 43 blei ei ny flott veke på leirskulen. Det er første gong denne hausten me kan slå fast at det kom 0 mm nedbør! Som du kan sjå på bilde fikk me derimot oppleve vinden.
Logg og bilde frå veka kan du sjå her.
Elles var dette den siste veka med haustleirskule dette året, men førjulsleirskulen nærmar seg. Me kjem snart til å leggje ut eit lysbildeshow med dei beste bilda hausten. |
|
fredag 16. oktober 2009 11:08 |
Igjen er det blitt fredag og ei ny gruppe elevar har reist heim frå leirskulen. I løpet av veka har dei vore på to nutar, Grønhovet og Reinsnuten/Onglanuten. Dei har og vore på skogstur og sjølvsagt hatt ein dag med økosystemet vatn som tema. Elevane, så vel som sola, har strålt heile veka.
Les elevlogg og sjå bilde her.
|
|
fredag 02. oktober 2009 15:00 |
|
Allereie måndag blei det klart at det var ein gjeng friskusar som var på leirskulen denne veka. Omlag 20 elevar bada då i Mosvatnet i søppande regnvêr. Samtidig gikk endå fleire på ein frivillig topptur til Grønhovet..... Torsdag viste vinteren at den er på anmarsj. Me la avgårde på fjelltur i nysnø, riktignok ganske så lite på fjellstua. Men dei som gikk lengst, kunne melde om 20 cm, og god snø for snøenglar på Reinsnuten.
Les elevlogg å sjå bilde frå veka her.
Elles vil me nytte høve til å ønskje alle ein god haustferie. |
|
fredag 25. september 2009 15:11 |
|
Mange har fått med seg at det har regna jevnt og trutt dei siste månadane. Så også denne veka. Her på leirskulen blei det målt 103 millimeter nedbør frå måndag til fredag utan at det la noko dempar på humør og naturopplevingar.
Du kan lesa elevlogg og sjå bilde frå veka her.
|
|
sundag 20. september 2009 22:01 |
|
- Ingen har vore på Gullingen før dei har vore på Gullingen seier me ofte på leirskulen. Og med det meinar me sjølvsagt at Gullingen er og blir den 979 meter høge fjelltoppen over Mosvatnet, ikkje området som heilhet eller leirskulen, slik noen trur. Gjengen på bilde tok oss på ordet og skreiv seg inn i gjesteboka torsdag (boka var førøvrig våt og blei tatt ned til fjellstua for å bli tørka, den er snart på plass igjen).
Fleire bilde frå turen og veka elles finn du her. |
|
onsdag 16. september 2009 09:23 |
|
Suldal kommune og SVR (Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane landskapsvernområde) har sett opp ei løype på 10 plakatpostar langs vegen frå Gullingen til Blåsjø. Plakatane fortel om dyr, planter og kulturminne i området. Med denne ønskjer dei å synleggjera nokre av skattane i Suldalsheiane.
Du kan lese meir om natur- og kulturløypa på Miljøstatus i Suldal. |
|
|
|
|
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 Neste > Siste >>
|
|
JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL |