|
|
Gullingen ligg i Suldal kommune. Med sine 1.740 km2 er kommunen den største i Rogaland. Innbyggjartalet er knappe 4000.
Frå gamalt har Suldal vore ein landbrukskommune. Nå har me eit mangfaldig næringsliv der landbruket framleis utgjer ein viktig del. Det kommunale tenestetilbodet er godt utbygt.
Kommunesenteret Sand er eit trafikknutepunkt, handels- og skulesenter. Her finn du spesialforretningar, legekontor, apotek og tannlege.
|
 |
|
Landskapet i Suldal strekkjer seg frå kyst- og fjordlandskap til dalføre, skogar og urørde fjellområde. Bilde viser Hylen, inst i Hylsfjorden. |
Alle foto på denne sida: Jarle Lunde

Meir informasjon:
Suldal Reiselivslag
Miljøstatus i Suldal
Kulturhuset i Suldal
Suldal kommune
|