5 elevar og 3 vaksne frå Madlavoll ATO fekk ei leirskuleveka med godt ver og mange gode opplevingar. Me starta med ein tur i skogen kor me nytta saccovogna for å få fram rullestolbrukar. Med mange gode hjelparar fekk me køyrd vogna til Mosvatnet kor kanoane tok oss ut til fiskegarna. Stekt aure gjekk ned på høgkant. På fjellturen fekk me hjelp av dei firbeinte hjelparane våre (5 huskyar) til å trekke vogna og bakkane opp til heia gjekk som ein lek for alle. Ute i terrenget sansa me våren med bekkelydar, heftig fuglekvitter og isras i dei stupbratte fjellsidene.