Foldrøy og Svortland skule frå Bømlo fekk oppleva naturen kring Gullingen på sitt beste denne veka, og nettopp fjelltoppen Gullingen var det fleire som fekk oppleva på nært hold på langturdagen.18 elevar svetta, sleit og smilte seg opp dei lange bakkane til topps, 979 m.o.h., kor resultatet vart ein eineståande utsikt. Andre drog på fisketur og endeleg vart det storfangst, heile 12 flotte aurar drog elevane på land. I fuglekassane våre er det for tida stor aktivitet,egga er klekka og det yrar av liv i reiret.