Skip to content
narrow screen wide screen auto screen Increase font size Decrease font size Default font size

Gullingen.no


Her er du:

Framside Gullingen Leirskule Gullingen leirskule - ein stad for naturoppleving og læring
Framside Gullingen Leirskule Gullingen leirskule - ein stad for naturoppleving og læring
Gullingen leirskule - ein stad for naturoppleving og læring

 

Sidan 1986 har leirskulelærarane på Gullingen teke nærare 50.000 elevar med ”inn” i naturen. Gjennom eit enkelt og tradisjonsbunde friluftsliv, har leirskulen utvikla ein skule der oppleving er det viktigaste prinsippet. Hovudmålet vårt er å fremja naturglede og lære om natur og kultur utandørs i tråd med gjeldande læreplan for grunnskulen.

Ei leirskuleveke gir òg sosial trening, og kan bidra til å styrke det sosiale samspelet i klassen.

DSC9527 (12)

img0022

38-08 (13)

Kva er Gullingen leirskule?

Gullingen leirskule er ein bemanna leirskule anbefalt av Norsk Leirskuleforening. Leirskulen har fire fast tilsette lærarar, alle med pedagogisk utdanning og lang erfaring i uteskule og friluftsliv. Lærarane er tilsette i Suldal kommune.

Leirskulen vert driven på Gullingen Fjellstove.Vertskapet her er ein aktiv medspelar i drifta av leirskulen.
readon-blue Fjellstova

Norsk leirskuleforening anbefalar Gullingen

Kor ligg leirskulen?

Gullingen leirskule ligg ved Mosvatnet i Suldal kommune (570 m.o.h.). Det er kort veg til snaufjellet som strekkjer seg opp til 1144 m.o.h. Med sitt varierte og småkuperte terreng, er Gullingen-området godt egna som utfartsområde. Snøforholda er normalt gode heile vinteren.
readon-blue Kart
readon-blue Gullingenområdet

DSC0205a (17)
P2070053

Kven kjem til Gullingen leirskule?

Leirskule er grunnskuleundervisning, og me ønskjer alle typar klasser og elevar velkomne. Bygningar og oplegga våre er godt tilrettelagte for elevar med funksjonshemmingar. I ei normalveke på leirskulen har me 60-80 elevar.

Når driv me leirskule?

Ei leirskuleveke på Gullingen er normalt frå måndag til fredag (4 døger). I einskilde veker har me òg 3 døgers opphald. Me driv leirskule heile skuleåret fordelt på 4 ulike sesonger.
readon-blue Sesongane

IMG_1326
P3090097

Skal klassen/skulen din på leirskule dei komande åra?

Generelt bør ein bestille plass på Gullingen i god tid, gjerne 3-6 år fram i tid. Men det er likevel ofte ledige plassar for både større og mindre klassar/skular dei næraste skuleåra. Ta gjerne kontakt med oss på telefon, pr. brev eller på e-post for å høyre om ledige veker til din klasse.
readon-blue Ledige veker

 

Kontakt oss

emailButton Gullingen Turistsenter
con_tel 52 79 99 01

emailButton Gullingen Leirskule
con_tel 52 79 08 70

Fotoalbum

Nytt tilbod: Minnehefte

Demobok_Gullingen
Frå og med 2010 vil alle klassar og elevar/føresette få tilbod om ei leirskulebok i etterkant av opphaldet på Gullingen.
Les meir

linkknapp-160x

Foldoy-linkknapp