|
Her finn du ein oversikt over ledige veker, priser og bestillingsrutiner for din klasse som skal på leirskule.
Oppdatert: 7. september 2010
Skuleåret 2010/11:
|
Sesong:
|
Vekenr:
|
Dato:
|
Ledig for:
|
Steg
|
|
Haust:
|
42/10 43/10
|
18.-22.10 25.-29.10
|
1 gruppe, inntil 20 elevar 1 gruppe, inntil 20 elevar
|
Alle Alle
|
|
Førjul:
|
48/10 50/10
|
29.11-03.12 13.-17.12
|
1 gruppe, inntil 25 elevar 2-3 grupper, inntil 55 elevar
|
Primært B-steget
|
|
Vår:
|
21/11 23/11
|
23.-27.05 06.-10.06
|
1-2 grupper, inntil 30 elevar 1 gruppe, inntil 20 elevar
|
Primært B-steget Alle |
Skuleåra 2011 - 2017:
Generelt er det haust- og vinter sesongen som er tidlegast bortbestilt. Det kan likevel vere opningar her for mindre klassar. På førjulsleirskule og i vårsesongen har me ofte fleire ledige plassar. Kontakt oss for eit tilbod for din klasse eller skule.
Prisar for leirskuleopphaldet Frå 01.01.2010 er prisane pr. elev slik:
- 4 døgers leirskule, normal veke Kr. 1470.- (mån – fre) - 3 døgers leirskule, komprimert veke Kr. 1240.- (mån-tor)
To vaksne (lærarar/føresette) får fritt opphald pr. klasse (over 10 elevar). Eventuelt fleire vaksne betalar ein kostpris. Prisane er veiledande, og ein må rekne med ein justering i åra framover. Beløpet dekkjer kost og losji og går i sin heilskap til Gullingen Turistsenter.
Bestillingsrutinar Generelt bør ein bestilla plass 3 - 6 år før opphaldet. Kontakt oss på telefon, pr. brev eller på E-post.
Adressa til leirskulen: Gullingen leirskule, 4230 SAND Telefon: 52 79 08 70 Faks: 52 79 99 37 E-post:
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
Skulen din får tilskott frå staten Grunnskulen i Noreg skal vere gratis, og ein kan difor ikkje krevje betaling frå elevane/foreldra for å reise på leirskule. Difor gir staten tilskott pr. elev for eit opphald i løpet av grunnskulen. Desse pengane vert overført i rammetilskotet til kommunane, og derfrå til den enkelte skule.
Mange skular/klassar vel å dekkje inn noko av utgiftene gjennom sjølv å tene inn pengar på dugnad, gåver osb.
Undervisninga på leirskule er gratis Undervisninga ved leirskulen finansierast av staten si refusjonsordning og er gratis. Dette gjeld første gong klassen reiser på leirskule. |