| Nytt: Minnehefte frå leirskuleopphaldet |
Frå og med 2010 vil alle klassar og elevar/føresette få tilbod om ei leirskulebok i etterkant av opphaldet på Gullingen. Saman med Fovea a/s vil me produsere ei minnebok med bilde frå kvar veke. Ved å trykke på bilde nedanfor kan du sjå ein demo. Bla i heftet ved å trykke i nedre hjørne.
Gullingen leirskule har i mange år nytta fotografi aktivt for å bevare og forsterke dei inntrykk elevane får under opphaldet. Før elevane reiser lagar og visar me eit bildeshow, og når elevane kjem heim kan dei sjå eit utval av bilda på vår nettstad. No vil me altså vidareutvikle dette ved å tilby ei heilt spesiell leirskuledagbok samansett av bilde og tekstar frå opphaldet. Dagboka blir på 30-40 sider avhengig av tal på gode bilde. For å kunne gi tilbodet må lærar sende klasseliste. Slik går me fram: 1. Før avreise til Gullingen sender lærar/skulen klasselister med namn på elever, adresser og telefonnummer til oss. Me ønskjer helst ei digital liste. Hjelp til eksport frå skulen sitt databasesystem kan du finne her. 2. Det vil bli sendt ut et brev til alle foreldra med eit unikt brukarnamn og passord. Når man registrerer seg, blir leirskuledagboken sendt heim for fritt gjennomsyn i 14 dagar. Ønskjer man å behalde den, kostar den kr 279,-. Informasjonen vi mottek i forbindelse med leirskoledagboken nyttast berre til dette formålet. Dersom noe er uklart så er det berre å ta kontakt på telefon 52790780 eller e-post.
Trykk på bilde så får du sjå ei lita demoutgåve av ei leirskuledagbok. Trykk nede i hjørnet for å gå til neste side.
Nytt leirskuletilbod: Minnehefte frå leirskuleopphaldet
Frå og med 2010 vil alle klassar og elevar/føresette få tilbod om ei leirskulebok i etterkant av opphaldet på Gullingen. Saman med Fovea a/s vil me produsere ei minnebok med bilde frå kvar veke.
Gullingen leirskule har i mange år nytta fotografi aktivt for å bevare og forsterke dei inntrykk elevane får under opphaldet. Før elevane reiser lagar og visar me eit bildeshow, og når elevane kjem heim kan dei sjå eit utval av bilda på vår nettsid. No vil me altså I frå januar vidareutvikle dette ved å tilby ei heilt spesiell leirskuledagbok samansett av bilde og tekstar frå opphaldet. For å kunne gi tilbodet må lærar sende klasseliste.
Nedanfor kan du sjå ein demonstrasjon for korleis ei slik minnesdagbok vil kunne sjå ut. Ved å legge musepila nedst til høyre på sidetala kan du bla frå side til side.
XXXLENKExxxxxxxxx
For læraren
Slik går me fram:
|
