Skip to content
narrow screen wide screen auto screen Increase font size Decrease font size Default font size

Gullingen.no


Her er du:

Framside Om Gullingenområdet
Framside Om Gullingenområdet
Område
Om Gullingenområdet
 

_DSC0476Gullingenområdet ligg i fjellbjørkeskogen, ca 550 m.o.h. Her finn ein fjelltoppen Gullingen på 979 m.o.h og det 2 km2 store Mosvatnet. I området mellom toppen og vatnet, finn ein Gullingen leirskule, Fjellstove og Skitrekk.

I tillegg til leirskulen og fjellstova, ber området preg av ei blanding av gamalt stølslandskap og nyare hyttebygging.

Området er godt tilrettelagt for eit variert friluftsliv sommar og vinter. Gullingenområdet er for mange ein viktig innfallsport til Ryfylkeheiane, men området i seg sjølv er òg attraktivt. I sommarhalvåret vert Mosvatnet nytta til bading, padling og fisking. Vil ein gå fotturar, kan ein velgje mellom kortare turar i roleg terreng, eller mange ulike toppturar. Vinterstid er området godt tilrettelagt med fleire mil oppkøyrde skiløyper, men det er òg mange område for dei som liker å tråkke sine eigne løyper..!

 

 
Les meir …
 
Segn frå Gullingenområdet

Img0028

 

Veit du kvifor Gullingen har fått namnet sitt? Eller kva som skjuler seg nedi Mosvatnet? Her får du svaret....

 

Les meir …