Vinjar-, Sand-, Jelsa-, Erfjord- og Marvik skule, 8,kl.
Frå måndag til onsdag denne veka har me som skal begynna på ungdomsskulen i 9. klasse til neste år, vore her på Gullingen leirskule. Me har brukt mykje tid til å vera ute i den vakre naturen, men og mykje tid på å bli kjende med kvarandre. Me har vore heldige og fått lov til å prøva bekkevandring, det var ei spennande oppleving. Me har gått tur i fjella, padla i kano og rodd i båt. Heldigvis var det ingen som kveltra eller datt uti Mosvatnet.
Me har hatt det kjekt her og håpar at me kan komma igjen ein anna gong.