Nesflaten-, Vinjar,- Sand,- Erfjord-, Jelsa og Marvik skule, 9.kl.
Du har ikkje vore på Gullingen før du har vore på Gullingen seies det. Den første dagen la me i veg til Gullingtoppen. Det var ein kjekk og innhaldsrik tur. Me fekk både sjå den flotte utsikta og verkeleg merka at me var ekta Suldølingar. Pinnebrød hørte også med på turen, det gjorde også lukta av bål.
Neste dag vart det roing og padling. Me fekk både smaka fisk og fossekallfilet (ein fossekall hadde drukna i garnet). Det var kaldt i vatnet, men dei tøffaste var uti likevel. Somme av dei ikkje frivillig. Me blei også godt kjent i kanoen. Det var god tid til å snakke og flørte med vatn. Me fekk ein herleg middag med spagetti og kjøttdeig. Det blei litt tull og fjas, men me hadde det så kjekt atte. Me fekk også sjansen til å liggje i lavo den natta, men det var bare to tøffingar som enda opp i lavoen. Klokka fire på natta kom dei som frosne ispinnar ned igjen.
Den tredje dagen var me alle trøtte, men me blei kvikka opp med knasande god kornflakes. Denne dagen skulle bli ein stor oppleving som innebar mykje vatn. Me skulle på bekkevandring. Eg var ikkje heilt klar over kva dei ville seie, skulle me sjå etter fisk? Men etter ein rusletur i skogen fekk eg oppleva kva Gullingen har og tilby. Me vasa og kravla oppover bekken. Det var ein krevjande tur, men eg trur nok alle var einige at dette var noko dei kunne tenkt seg å gjere igjen.
Takk for turen.
